Bibelkveld på Saron

Bibelkveld på Saron

Bibelkveld på Saron

Kjell Arild Pollestad er nyleg ferdig med eit femårig og formidabelt arbeid med å omsetja Bibelen til norsk frå grunnspråka hebraisk og gresk, og den nye omsetjinga kjem ut til hausten. Bibelen er eit skattkammer av eit bibliotek: 66 ulike bøker som spenner over mange ulike sjangrar skrivne over fleire tusen år av mange ulike menneske.

Frå sitt omfattande omsetjingsarbeid og eit langt liv som bibellesar har Pollestad innblikk i fleire sider ved dette rikhaldige universet enn dei fleste. Difor er det no berre å gleda seg over at føredragshaldaren, forfattaren og formuleringskunstnaren gjestar oss med innblikk i eit arbeid heilt utanom det vanlege. I føredraget vil Pollestad ta oss med inn i bibelomsetjaren sin verkstad og visa kva det inneber å gje norsk språkdrakt til dei heilage tekstane, utan å la seg freista til å «justera» dei etter tidsånda.

Alle er hjarteleg velkomne til Saron onsdag 8. februar kl. 19!

Arrangør: NLM Bryne og Bedehuskirken

Powered by Cornerstone