GN i Tjekkia
GN i Tjekkia
Me starta veka med ei fellessamling for alle norske team som skulle til kvar sin tsjekkiske by, og Ignite Festival med lovsong og seminar saman me kristne tsjekkarar. På søndagen sat me kursen mot Roudnice nad Laben, byen me vart sendt til for å ha mission week. På teamet fekk me også med oss to tsjekkiske og to ukrainske ungdommar.
I Roudnice budde me i eit lite menighetshus der me var 17 stykk som delte på eitt bad. Me starta kvar dag med åleinetid med Gud og teamtid med bøn og lovsong saman. Det var enormt godt å få starte med å leggje dagen i Guds hender og la Han leie oss i planane me la.
På formiddagen var me to dagar saman med skuleklassar der me fekk bli kjende med dei gjennom samtalar og leik, og me fekk invitere dei til å kome og henge med oss på ettermiddagen. Me besøkte også ulike attraksjonar i byen for å bli kjend med noko av den lokale historia der. Me var også to dagar ute på gatene for å invitere ungdommar til kyrkja og for å evangelisere.
Kvar ettermiddag inviterte me ungdommar til å kome og henge med oss i kyrkja. Her vart me kjende med dei gjennom leik, konkurransar og god drøs. Det var viktig for oss å sjå dei enkelte og bli godt kjende med dei for å kunne dele kven Jesus er og kva me trur på. Me opplevde at det var nokre av ungdommane som kom igjen og igjen og var veldig søkande.
Den siste kvelden haldt me ein "mini-GN" med lovsong og tale som tydeleg forklarte essensen i den kristne trua. I løpet av denne kvelden opplevde me at tre stykk tok imot Jesus og ein som hadde brekt kragebeinet vart helbreda!
Gjennom denne veka har me fått oppleve å gå i Guds leiing, leve tett på Han gjennom bøn og lovsong, og å få fortelje om Han til tsjekkiske ungdommar som aldri har høyrt om Jesus før. Me takkar Gud for alle møta med tsjekkiske ungdommar, og for alt som har blitt sådd i byen! Be gjerne for at alt som skjedde i mission week skal fortsetje å vekse, for styrke og mot til dei som driv kyrkja me var i, og spesielt for dei tre ungdommane som tok i mot frelsa.