Sex og rus på Oppdrift

Sex og rus på Oppdrift

"Måndag 14. februar hadde læringsfellesskapet Oppdrift besøk av forfattar og føredragshaldar Tone Lise Gustavsen frå Tønsberg. Tema var sunne grenser knytt til sex og rus. Superaktuelt tema, men eg innrømmer med ein gong at visse fordommar likevel gjorde seg gjeldande innleiingsvis. Pen dame frå austlandet som saman med mannen Per Christian visstnok hadde starta ein kyrkjelyd som heitte Frisk… eg såg føre meg noko i retning av eit gladkristent treningssenter-bedehus med workout og spinning dagen lang og lovsong pumpande ut av høgtalaranlegget på full guffe. Berre tanken gjorde meg småsveitt.  

Desto kjekkare var det å bli positivt overraska! Eigne fordommar vart ettertrykkeleg parkerte og skuldrene senka i løpet av rekordtid. For denne dama her hadde verkeleg noko å melda til alle som har tenåringar i huset, og til alle som vil at Bibelen skal vera autoritet i livet. Gustavsen minna oss på at grenser, integritet og ekte livsstil ikkje treng å vera ein fjern draum for oss kristne, men ein realitet vi verkeleg kan satsa på! For eit oppløftande og motiverande bodskap! Med gode eksempel frå eigen heim, og ikkje minst frå tallause unge ho har møtt gjennom årevis som formidlar av kristne idear om sex og kristne perspektiv på rus viste ho oss at det å vera annleis er attraktivtei gåve til våre eigne ungdomar og til samfunnet rundt oss.

Eg er sikkert ikkje åleine om å føla at den kristne livsstilen får hard medfart i film og media elles. Kristne blir stadig framstilte som ein kjedeleg og kjip «nei-kultur». Det er fort gjort å koma litt på defensiven. Gustavsens framstilling modellerer ein nødvendig motsats: ei herleg frimodig og oppreist haldning. Med Guds gode grenser gir vi barna våre det aller beste frå han som faktisk veit korleis vi er skapte og veit kva vi treng! Sjølv vi menneske veit at om vi droppar alle grenser for barna våre, går det åt skogen med dei. Klart Gud set grenser.

Det eg tok med meg frå denne inspirerande og oppløftande kvelden med seksbarnsmora frå Nøtterøy var at det handlar om å våga å vera tydeleg: Sex høyrer ekteskapet til og Gud skapte oss til å vera menn og kvinner. Han må få vera herre på alle felt i livet. Vi treng hans råd i møte med ungdomane våre, og vi må våga å snakka tydeleg og ærleg om dei mange tinga som rører seg i livet.  

Det handlar ikkje om å aldri trø feil, men om å verkeleg satsa! Tillit, tilgjeving og nåde er ein del av pakken; men må aldri bli synonymt med ein sløv og likegyldig livsstil. Vi har det aller beste å gi vidare til ungdomane våredet er tid for å våga å verkeleg vera motkultur!"

- Sofie Braut

Powered by Cornerstone