Misjonstur til Tsjekkia

Misjonstur til Tsjekkia

Me er så heldige å få reise på misjonstur til Tsjekkia i påsken. Det er 3.klasse-huskyrkja “Gutta Boyz” som skal ut på misjonsmarka. Denne gjengen har halde godt saman sidan 8.klasse og har gleda seg til misjonstur i mange år. Fire av deira både noverande og tidlegare leiarar blir med som leiarar, inkludert ungdomspastor Håvard!

Kvifor ønskjer me å reise på misjonsreise? For oss leiarar handlar dette mykje om å følgje opp trusreisa til ungdommane me har fått lov å følgje gjennom mange år. Vidare så hugsar me sjølv kor mykje turen me hadde til India for 3 år sidan betydde for trua vår og fellesskapet vårt. Den viktigaste grunnen er nok vårt ønskje om å få lov til å vere med å spreie den gode bodskapen om Jesus og kvifor me følgjer han.

I løpet av denne gode veka me skal på tur saman, skal me få vere med å utruste menighetene me skal besøke. I tillegg til dette skal me også få lov til å kome inn på skulane i nærområda og knytte bånd til lokale ungdommar. Vårt ønskje er å få invitera på ein stor påskegudsteneste langfredag, og forhåpentlegvis at ungdommane der skal få ein personlig kjennskap til Jesus og sei “ja!” til han.

Bli gjerne med å be for reisa vår! Her er eit par bønneemner for turen:

  • Reisa - at me skal få kome inn til landet utan problem med corona, fly eller anna uflaks
  • Frimodighet - me ønskjer å gje alt me kan denne veka, og be difor for at menneskefrykt skal vike og at me skal trå ut av komfortsona for å forkynne evangeliet.
  • At det me gjer i Tsjekkia skal vere til Guds ære!

 

Helge Eidsnes

Powered by Cornerstone