Oppdrift

Oppdrift

"Oppdrift har vore ein kjempefin anledning til å sette fokus på den viktigaste delen av å vere foreldre: å disippelgjere ungane våre! Inspirerande undervisning, gode ressursar og oppfølgingsgrupper som gjev oss påskudd til å dele erfaringar vi kanskje sjeldan snakkar om ellers, har vore kjempefint! Eg tenker kyrkja verkeleg fungerer som ein familie når vi hjelper kvarandre å dra i samme retning, òg i trusopplæring i heimen.

Å bruke anledningane som byr seg og forstå at KVAR FASE TELLER, (sjølv om vi av og til gler oss til den er over), er eit nydeleg perspektiv som vi vil sette om til praksis i vår heim. Input-spelet har og vore ein super ressurs til å praktisere mykje av dette: Det blir god stemning kvar gong vi tar det fram: lått og løye, og gode spørsmål som får oss alle til å reflektere og dele trua vår (og ungane får "sette lyd" på si tru). "

- Ellinor Jess

Powered by Cornerstone