Bønnekrukke

Bønnekrukke

”Mamma, kva dag er det i dag?”, seier 4-åringen ved frokostbordet. Mamma svarer at det er søndag i dag. ”Då må me huska bønneperlene”, seier 4-åringen kjapt. Lørdagar er viktig å halda styr på, på grunn av lørdagsgodtet. Søndagane fordi det er bønneperler.

Me har ei krukke med perler i 5 forskjellige fargar. Kvar farge har sin betydning.

Grønn = takk

Rød = glad i

Blå = lei meg

Gul = Gud

Oransje = verden

Denne bønnekrukka har me hatt ei stund og den har vore til god hjelp for oss å be saman som familie. Me sender krukka rundt. Alle trekker kvar si perle. Så ber me ein setning kvar ut i frå det temaet som vår perle har. Nokon har grønn som favorittperle, men kva gjer vel det om takkeperla går igjen når me ber saman. Andre lar det gå sport i å velja ein farge ingen andre har valgt. Det gir variasjon.

På søndag skal me laga bønnekrukke på gul gruppe. Me håpar at den kan vera til glede for fleire og kanskje gjere det lettare å be saman som familie. Gjer det enkelt. Send krukka rundt og be ein setning kvar. Kanskje tar det nokon gongar før de blir vant til det og opplever det som naturlig. Men sånn er det jo ofte med ting ein ikkje har gjort før.

Det er jo ikkje slik at bønnekrukke er berre for dei som er på gul gruppe. Er det andre som har lyst å prøva, så trengs ikkje meir enn eit tomt syltetøyglass eller lignande, perler i forskjellige fargar og ein papirlapp.

 

Målfrid Teigen

Powered by Cornerstone